Forklaringsartikkel
Fleirgreinsbrønn

Arbeid i fleirgreinsbrønn frå flyteande rigg. Bilete: Sissel Paaske / CC BY-SA 4.0
Ein brønn som startar frå overflata, kan fordele seg ut i fleire banar i reservoaret. Ei slik oppdeling kallar vi forgreining, og brønnen får derfor status som fleirgreinsbrønn. Denne løysinga gir betre dekning i reservoaret og færre brønnar på overflata.
Fleirgreinsbrønn heiter multilateral well på engelsk.