Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

TVD

TVD er ei forkorting for det engelske omgrepet "true vertical depth". TVD er avstanden frå eit punkt til eit anna, og målinga skal gjerast vertikalt.

Ein brønn blir målt vertikalt frå RKB til TVD, og djupna blir vanlegvis brukt for å rekne ut hydrostatisk trykk i væska i brønnen eller i formasjonen.

Nokre gonger blir TVD oppgitt som djupna der noko er installert i brønnen, til dømes slik: "Pluggen er installert på 1 750 meter TVD." For å vite kor langt det er dit, må ein òg kjenne målt djupn (MD). Avstanden kan vere betydeleg lengre enn djupna dersom brønnen er bora med ein vinkel bortover. Då blir måla oppgitt slik: "Pluggen er installert på 1 750 meter TVD, 2 340 meter MD."


Skrive av Sissel Paaske.
Sist oppdatert 05.12.2024