Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Casingsko (casing shoe)

Casingsko er ei fornorsking av det engelske uttrykket "casing shoe". Det er eit avrunda endestykke som blir montert på den nedste casingen som skal køyrast inn i brønnen.

Casingen er avrunda slik at han lettare glir inn i brønnen utan å stoppe og utan å skade brønnveggen. I enden er det bora ut hol som blir brukte til å pumpe væske og sement ut gjennom botnen.

Casingsko kan òg kallast "guide shoe" eller "casing float shoe" dersom han har ein innvendig einvegsventil.

Dei same uttrykka blir brukte om endestykket til ein "liner": "liner shoe", "liner guide shoe" og så vidare.

Skrive av Sissel Paaske.
Sist oppdatert 18.11.2020