Forklaringsartikkel
Raffinere

Mongstad. Bilete: Marit Hommedal / CC BY-NC-SA 4.0
Raffinere betyr å reinse eit råstoff, til dømes sukker, sprit, metall eller råolje. Når vi raffinerer råvara, får vi fram eit produkt som er tilpassa det bruksområdet vi ønskjer.
Råolje som blir produsert frå reservoara djupt under havbotnen, kan delast opp i gass, bensin, diesel, fyringsolje og asfalt. Dette blir gjort i eit tårn der råolja blir behandla med varme slik at dei lettaste sambindingane stig opp, og dei tyngre søkk ned.