Pumpeslag

Pumpeslag er eit mål for farten til ei pumpe. Det fortel kor mange slag ei stempelpumpe slår per minutt.
Ei stempelpumpe har eit stempel som går fram og tilbake i ein sylinder. Diameteren til stempelet og lengda på sylinderen bestemmer kor mykje væske som blir levert frå pumpa for kvart slag ho gjer.
Vi gir opp pumpehastigheten i pumpeslag når vi veit kor stort volum væske som blir levert per slag.
Dersom pumpa leverer 15 liter per slag og vi stiller ho inn til å pumpe 40 slag per minutt, betyr det at vi pumpar 600 liter i minuttet. Når vi aukar pumpefarten til 100 slag per minutt, leverer ho 1 500 liter i minuttet.
Ein justerer talet på pumpeslag per minutt på styringspanelet til pumpa. Nokre gonger er det naudsynt med stort væskevolum, andre gonger er det viktig å pumpe med lite volum.