Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Links

Links er eit opphavleg engelsk ord som blir brukt i fagspråket offshore. Linksar er utforma som stålstenger som er bøygde til ein ring i endane. Dei blir laga med ulike lengder og løfteavgrensingar etter bestilling.

Linksar blir brukte som forlengarar mellom tårnboremaskinen og elevatoren, slik at det blir plass til toppen av røyr som heng i elevatoren. Det blir brukt to like linksar som heng frå festet til tårnboremaskinen (topdrive) i ringane øvst. I ringane nedst på linksane heng elevatoren som held borerøyr eller anna brønnutstyr.
Linksane kan bli bevegde fram og tilbake med hydraulisk kraft frå festet i tårnboremaskinen.

Links blir òg omtalt som bails i fagspråket.

Skrive av Sissel Paaske.
Sist oppdatert 28.09.2020