Forklaringsartikkel
Chokeventil

Bilete: Industriskolen / CC BY-SA 4.0
Ordet "choke valve" er engelsk og betyr strupeventil. Dette er ein ventiltype som kan stå i ulike posisjonar fra stengt til fullt open. Når han står litt open, avgrensar han strømmen av væske eller gass gjennom eit røyr. Det finst ulike typar strupeventilar. Nokre av dei blir opererte frå eit styringspanel, mens andre må regulerast manuelt på sjølve ventilen.
I oljebransjen blir ein slik ventil gjerne omtalt med det språkleg samansette ordet chokeventil.
Chokeventilar finst monterte i BOP-en som blir brukt på brønnen i samband med brønnaktivitetar, i ventiltreet og i prosessanlegget for olje- og gassproduksjon.