Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Konus

Konus eller kon er ein geometrisk form som består av ein tredimensjonal figur med ein brei og ein smal ende. Døme på kon-form kan vere mjølkeglas, vaskebøtte, lampeskjerm osv.

Ei kjegle er også ein konus, som kjeksen til ein kroneis.

Ein konus kan dessutan bli brukt som ein plugg i en sylinder.

Ein pyramide er ei anna utforming som har konisitet, i og med at han går frå brei grunnflate til smal topp.
Konisiteten er eit forholdstal mellom den breie enden og den smale enden.

Grunnflata på ein konus kan òg vere trekanta, oval eller ha andre former.

Skrive av Sissel Paaske.
Sist oppdatert 01.10.2020