Forklaringsartikkel
Permeabilitet
Bilete: Sissel Paaske / CC BY-SA 4.0
Permeabilitet beskriv gjennomstrøymingsevna i eit materiale, til dømes tre, betong, ein svamp eller ein bergart. Det som strøymer gjennom, er gass eller væske. Gjennomstrøyminga skjer i kanalar eller sprekkar i materialet.
Permeabilitet blir målt i eininga darcy.
For at olje eller gass skal kunne strøyme gjennom reservoarbergarten til brønnane, må bergarten vere litt permeabel. Nokre bergartar har ein naturleg god permeabilitet, mens andre bergartar må behandlast med trykk eller syre for å betre permeabiliteten.