Sloptank
På skip og riggar blir det brukt eit lukka avløpssystem til å fange opp skitent vatn og oljehaldige væsker som blir spylte ned frå veggar og golv. Avløpet går vidare til ein tank der væskene blir separerte.
Sloptanken er ein separatortank der skitent og oljeholdig avløpsvatn står i ro slik at olja legg seg på toppen. Væska blir varma opp, slik at prosessen ikkje blir hindra av kulde utanfrå. Vatnet som søkk til botnen, blir sleppt ut til neste fase, filtrert og sleppt ut i havet. Oljehaldige restar i overflata går i transporttank til spesialmottak på land.
Avløpa som er kopla til sloptanken, kjem frå boredekk, røyrdekk, pumperommet, slamtankrommet, slamrensesystemet, shakerrom og sekkelageret.
Sloptankar blir brukte for å hindre utslepp av oljehaldig vatn i havet.