Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Forklaringsartikkel

MWD

MWD er ei forkorting for det engelske omgrepet "measurement while drilling". Det betyr at vi loggar retning og vinkel i brønnen mens vi borar.

MWD er eit verktøy som blir brukt nedst i borestrengen, like bak borekrona. Verktøyet har innebygd gyro og kompass, som blir brukt til å registrere vertikal og horisontal retning og lengda på brønnbanen.

Informasjonen om retninga blir send til overflata gjennom pulsar i boreslammet. På overflata ser retningsboraren brønnbanen på ein skjerm.

Ved å logge slik kan retninga på brønnen endrast så snart ein ser at det er nødvendig. På denne måten kan brønnen borast med ei nøyaktigheit på 20 cm frå planlagd bane, fleire tusen meter frå boredekket.

Skrive av Sissel Paaske.
Sist oppdatert 29.09.2020