Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

ROV

ROV er ei forkorting for det engelske uttrykket "remotely operated vehicle".

Ein ROV er ein fjernstyrt robot som blir brukt i havet. Han har kamera og armar som kan bevege seg i alle retningar. På armane er det ulike verktøy.

ROV-en blir brukt til å overvake miljøet utanfor brønnen ved boring, styre ventilar i ventiltre og BOP på havbotnen, utføre vedlikehald og reparasjonar på installasjonar og liknande.

Ein ROV har fleire små propellar som kan svingast og styre han med veldig god presisjon. Han blir styrt frå eit kontrollpanel på installasjonen eller frå land. Operatøren som styrer ein ROV, blir kalla for ROV-pilot.

ROV-ar kan brukast på svært store djup, heilt ned til 7 000–8 000 meter. I dag blir ROV-ar brukte til mange oppgåver som tidlegare måtte utførast av dykkarar i dykkarklokker.

Skrive av Sissel Paaske.
Sist oppdatert 26.01.2026