Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Choke line og kill line på BOP

I BOP-en, mellom to ventilblokker, er det sett inn eit vertikalt røyrstykke med utløp til to sider. Desse utløpa heiter choke line og kill line på engelsk, og slik blir dei òg omtalte i bransjen i Noreg.

I desse utløpa blir det på kvar side montert to ventilar: drepeventil ("kill") på den eine sida og strupeventil ("choke") på den andre. Frå ventilane går det røyr til pumper og manifoldar. Gjennom desse sideløpa i BOP-en kan vi pumpe inn væske til brønnen i kill line, og sleppe ut væske frå brønnen gjennom choke line. Desse blir vanlegvis brukte når det er behov for å sirkulere ut gass eller olje som er kome inn i brønnen.

Skrive av Sissel Paaske.
Sist oppdatert 30.09.2020