Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Utvinningsgrad – reservoar

Utvinningsgrad vil seie kor mykje som kan produserast av det totale volumet i eit reservoar. Utvinningsgraden kan aukast ved hjelp av tiltak som hjelper til med å drive olja fram til brønnane.

Det er nærast umogleg å få ut all olje og gass frå eit reservoar, men det er både ønskjeleg og eit lovkrav at vi skal hente ut så mykje som mogleg av dei reservoara vi produserer frå.

Utvinningsgraden varierer veldig frå felt til felt, og gjennomsnittsverdien for oljeproduksjon er 46 prosent utvinningsgrad. Det betyr at meir enn halvparten av olja som finst i reservoara, blir liggjande igjen.

Gassfelt har ein utvinningsgrad på 70 prosent.

Skrive av Sissel Paaske.
Sist oppdatert 06.12.2024