Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Scale

Scale er eit engelsk ord som blir brukt om avsetning av stoff i røyrveggane. I produksjonsrøyr er det eit problem fordi det reduserer den indre diameteren til røyret og reduserer produksjonsvolumet.

I reservoaret blir det danna kjemiske sambindingar av karbonat, sulfat og oksid i formasjonsvatnet. Når trykket og temperaturen søkk i væska på veg opp i brønnen, blir sambindingane skilde ut frå væska og festar seg på innsida av produksjonsrøyret.

Scale kan vere kalsiumkarbonat, kalsiumsulfat, bariumsulfat og jernoksid. Vi kan hindre at det blir danna scale, ved å injisere kjemikaliar i brønnen slik at det ikkje skjer noka utfelling.

Nokre gonger sit det så godt fast at ein må bruke stålbørste eller høgtrykksspylar med dyser for å løyse det frå røyrveggen.

Skrive av Sissel Paaske.
Sist oppdatert 12.09.2024