Forklaringsartikkel
Brønnseksjon
Bilete: Råsalt AS / CC BY-SA 4.0
Ein brønn blir laga i fleire boreoperasjonar. Først lagar ein eit stort hòl, vanlegvis 36 tommar, som ein sikrar med røyr og sement mellom røyret og hòlet. Deretter borar ein eit nytt og litt mindre hòl frå botnen av det førre. Det nye hòlet blir òg sikra med røyr som ein sementerer fast i hòlet. Slik held boringa og sikringa av hòlet fram til det er kome fram til målet (reservoaret). Vi seier at brønnen er bora og sikra i seksjonar. Nokre gonger blir det omtalt som casingseksjonar, fordi røyra som blir installerte, heiter casing på engelsk.
Den siste seksjonen er den minste hòldimensjonen i brønnen, og den delen av brønnen som går inn i reservoaret, blir kalla for reservoarseksjonen.