Safety

Safety kjem frå det engelske uttrykket "safety officer" og er kallenamnet på sikkerheitsleiaren om bord på ei plattform. Safety er ansvarleg for at alt arbeid blir utført i samsvar med HMS-reglane og norske lover.
Arbeidsoppgåvene til sikkerheitsleiaren inkluderer å delta i planlegging av aktivitetar, gjennomføre risikoanalysar, analysere status og tilrå utbetringar. Sikkerheitsleiaren skal organisere og gjennomføre sikkerheits- og beredskapsøvingar.
Det er viktig at den som har jobben, er ute og ser kva som går føre seg i det daglege arbeidet. Sikkerheitsleiaren kan stoppe pågåande arbeid dersom det er fare for liv eller helse.
Sikkerheitsleiaren er ein del av leiarteamet og skal òg delta i etterforsking etter eventuelle hendingar om bord. Safety rapporterer til plattformsjefen.