MRU – Motion Reference Unit

MRU er ei forkorting av den engelske termen "Motion Reference Unit". Det kan omsetjast til rørsleregistreringseining.
Ein MRU kommuniserer med satellittar om posisjonen til skip og sender datavarsel om justeringar til kompenseringssystema på skipa. Eininga bruker gyroskop og akseleratorar til å registrere rullerørsler, topp og botn i bølgjerørsle, rotasjon rundt senterakse og sidevegsflytting.
Kompenseringssystema om bord er hiv-system som justerer vertikale rørsler på stigerøyr og borestreng. Dei justerer òg propellar via eit dynamisk posisjoneringssystem som styrer posisjonen over brønnen, slik at propellane reagerer med motrørsler til rørslene frå skipet. Dette gjer at koplinga til brønnen og borestrengen ikkje blir belasta av bølgjerørsler, vind og rotasjon.