Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

ICD (inflow control device)

ICD er ei forkorting for engelsk "inflow control device". ICD er ein strupemekanisme som avgrensar innstrøyminga frå reservoaret til produksjonsrøyret. Han er montert på eit sandfilter og blir installert i hælen i brønnen.

Formålet med ICD er at han skal skape trykkfall (friksjon) mot olja som strøymer inn i brønnen i hælen. Trykkfallet i hælen bidrar til jamn drenering av olja i heile brønnlengda. Då blir mest mogleg olje trekt ut av reservoaret før vatnet og gassen i reservoaret kjem inn i brønnen.

Det finst mange ulike ICD-løysingar frå fleire leverandørar.

Skrive av Sissel Paaske.
Sist oppdatert 01.10.2020