Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Elevator

Elevatoren heng under topdrive og blir brukt til å halde røyr som skal løftast inn over brønnen på boredekket. Namnet elevator er eit engelsk faguttrykk som blir brukt i offshoreindustrien.

Elevatoren er utforma som ein kraftig stålring som er delt i to eller tre delar. På framsida har han ein lukke- og låsemekanisme. I midten av elevatoren kan ein setje inn kilar som justerer den indre diameteren, slik at han passar til røyr i ulike storleikar.

Vi lukkar og låser elevatoren rundt røyra under gjengeboksen. Når elevatoren har gått i lås, kan topdriven trekkjast opp, og røyret heng i elevatoren.

Elevatoren blir styrt frå panelet til boraren i drillerbua.

Skrive av Sissel Paaske.
Sist oppdatert 23.01.2025