Forklaringsartikkel
Halde vinkel

Bilete: Baker Hughes Inc / CC BY-SA 4.0
Å halde vinkelen i ein brønn betyr at ein fortset å bore rett fram i den retninga og vinkelen ein har oppnådd. Når ein ønskjer å endre vinkelen, kan ein "droppe" eller "byggje" vinkel.
Først borar ein eit vertikalt hol for å lage ein base for brønnen. Når den vertikale delen er sikra
med fôringsrøyr og sement, er brønnen stabil. Herifrå borar ein brønnen utover mot reservoaret.
Nedst i borestrengen er det montert verktøy for retningsboring. Det blir brukt til å endre vinkel
og retning undervegs i boringa. Deretter borer ein brønnen framover i den retninga og vinkelen
som er oppnådd. Dette blir kalla å halde vinkelen undervegs i boringa.