Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

RKB – boredekk

RKB er ei forkorting for det engelske uttrykket "rotary kelly bushing" og er namnet som blir brukt om opninga i golvet på boredekket der borestrengen går ned i brønnen.

Namnet stammar frå gamledagar då ein roterte borestrengen ved hjelp av eit kanta røyr (kelly), som blei rotert med plata som ligg i opninga. I dag roterer vi borestrengen ved hjelp av tårnboremaskinen (topdrive).

Vi refererer til RKB når vi oppgir djup og lengd på brønnen og kor djupt utstyret er i brønnen.

Skrive av Sissel Paaske.
Sist oppdatert 25.10.2024