Forklaringsartikkel
Handverktøy til boredekk

Bilete: Tom Knudsen / CC BY-SA 4.0
Mykje av arbeidet på boredekket er automatisert og fjernoperert, men det betyr ikkje at alt kan gjerast med maskinar. Ofte må ein bruke menneskeleg arbeidskraft, og då er det behov for handverktøy.
Det vanlegaste verktøyet på boredekket er røyrtong, sleggje og fastnøkkel. I tillegg bruker boredekksarbeidaren feiekost, svaber, bøtter og spadar for å halde boredekket reint.
Verktøy til manuelt arbeid blir oppbevart utanfor den raude sona på boredekket. Verktøyet skal haldast ved like, reingjerast og setjast på plass etter bruk.
Før boredekksarbeidaren kan jobbe i raud sone på boredekket, må boraren varslast og gi løyve til entring på dekk.