Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Mudcube

Ein mudcube er ein ny type shaker som siktar borkaks ut av borevæska. Han er innebygd, slik at han reduserer gassar og støy frå maskina. Filteret roterer på eit band som på ei tredemølle og fører kaks ut over kanten mens slammet renn gjennom filteret og ned i ein kanal som fører det tilbake til slamsystemet. Ved hjelp av eit luftsug (undertrykk) blir det trekt ekstra mykje slam ut og bort frå borkakset.

På denne måten slepp personalet å bli utsett for vibrasjonar og støy, som var vanleg med den gamle typen shaker. I tillegg får vi eit gassfritt arbeidsmiljø og betre reinsing av slammet.

Skrive av Sissel Paaske.
Sist oppdatert 28.09.2020