Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Shaker screen — filterduk

"Shaker screen" er ein engelsk term som beskriv filterdukane som blir brukt til slamsikting i "shakeren".

Filterdukane er monterte på ei ramme som blir lagd inn i slamsiktemaskinen.

Det blir brukt ulike filterstorleikar, grove øvst og finare nedover i sikteprosessen.

På filtera hamnar partiklane som skal fjernast frå boreslammet. Partiklane blir rista over i ein behaldar. Derfrå går dei til reinsing og avfallshandtering.

Dersom filterduken blir tetta av partiklar eller det går hol i filteret, må han skiftast ut.

Skrive av Sissel Paaske.
Sist oppdatert 18.11.2020