Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Reologi

Reologi er læra om flyte- og deformasjonseigenskapane hos væsker. Det gjeld for det meste seige væsker. Reologi beskriv korleis viskositeten i væska endrar seg med endringar i ytre påkjenningar som til dømes temperatur, rørsle og trykk.

Borevæska skal ha éin type eigenskap når ho blir sirkulert, og ein annan type eigenskap når ho står i ro. Når ho sirkulerer, skal ho vere viskøs slik at ho kan løfte borkaks ut av brønnen. Når borevæska står i ro i brønnen, skal ho endre eigenskapar slik at ho blir som ein gelé. Då held ho borkakset der det er, slik at det ikkje fell til botnen. Når sirkulasjonen av borevæska startar opp att, må geleen brytast opp til ei flytande, viskøs væske.

Reologien beskriv eigenskapane viskositet, gelstyrke og brotstyrke hos væska.

Skrive av Sissel Paaske.
Sist oppdatert 09.01.2025