Forklaringsartikkel
Tenntemperatur

Materiale som blir varma opp til over tenntemperaturen, kan kome i brann. Bilete: Sissel Paaske / CC BY-SA 4.0
Tenntemperaturen er den lågaste temperaturen eit stoff må varmast opp til før det tek fyr av seg sjølv utan bruk av tennkjelde (sjølvtenning).
Avispapir tek fyr av seg sjølv ved om lag 175 °C. Det betyr at papiret etter kvart vil kome i brann om ein legg det i ein steikjeomn og set termostaten på 200 gradar. (Ikkje prøv det heime.)