Forklaringsartikkel
Holopnar

Bilete: Sissel Paaske / CC BY-SA 4.0
Ein holopnar er eit boreverktøy som blir plassert bak borekrona i borestrengen. Holopnaren utvidar diameteren til holet til så stort vi vil ha det.
Vi bruker ei lita borekrone med holopnar bak når det er fare for å treffe på gass der vi borar. Dersom vi borar inn i ei gassone, vil det vesle holet gjere det enklare å kontrollere gassen enn om vi bora med stor diameter.