Forklaringsartikkel
Kontinentalsokkel

Bilete: Sokkeldirektoratet / CC BY 4.0
Ein kontinentalsokkel er havbotnen i området utanfor kysten av eit land. Kontinentalsokkelen går frå relativt grunt vatn til kontinentalskråninga, som går ned til større havdjup. Kontinentalsokkelen endar der kontinentalplata stoppar, men landa har ikkje alltid råderett over så store område.
Norsk kontinentalsokkel går minimum 200 nautiske mil utanfor kysten. Dersom det er kortare enn 400 nautiske mil mellom to statar, må det gjerast avtale om kvar grensa går mellom dei. Landa som grensar til Nordsjøen, har inngått slike grenseavtalar.
I Noreg snakkar vi om kontinentalsokkelen i samband med fiskerettar og olje- og gassutvinning.