Forklaringsartikkel
Stands

Stands er eit opphaveleg engelsk ord som beskriv to eller fleire borerøyr som er skrudde saman. Det er vanleg med to lange eller tre middels lange røyr.
Borerøyra blir klargjorde frå røyrlageret. Der blir overflata sjekka på utsida, røyra blir drifta på innsida, og gjenga blir sjekka. Røyra blir merkte på utsida med lengdemålet på kvart røyr.
Deretter blir røyra trekte inn i boretårnet, der dei blir skrudde saman til eit stand. Alle stands blir lagra i fingerbordet når dei ikkje er i bruk.
Når borerøyra skal brukast, blir dei henta ut frå fingerbordet med røyrhandteringsutstyret i boreriggen.
Innkøyring og uttrekking av borerøyr i brønnen er meir effektivt når berre kvart andre eller kvart tredje gjengesamband blir brukt.