Forklaringsartikkel
Stempelpumpe, enkeltverkande

Bilete: Sissel Paaske / CC BY-SA 4.0
Ei stempelpumpe er ei fortrengingspumpe som flyttar væske frå ein tank til eit røyrsystem. Ho består av sylinder, stempel, innløpsventil og utløpsventil.
I ei enkeltverkande stempelpumpe blir væska sogen inn i sylinderen gjennom innløpet når stempelet beveger seg bort frå innløpssida, og ho går ut i utløpet når stempelet går motsett veg. Ventilar i begge løpa hindrar væska frå å gå feil.
Stempelet i sylinderen beveger seg ved å bli skyvd av ein roterande kamaksling.