Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

DHSV

DHSV uttales d-h-s-v og er forkorta frå engelsk Down Hole Safety Valve. Ein DHSV er ein sikringsventil som blir montert innvendig i produksjonsrøyret i den øvre delen av ein brønn. Ventilen skal stengje brønnen slik at det ikkje strøymer olje eller gass ut frå han.

Ventilen blir styrt frå eit kontrollpanel i kontrollrommet og står i open posisjon når brønnen produserer olje eller gass. Han må ha hydraulisk trykk gjennom ei kontrollinje for å bli halden open. Dersom trykket i kontrollinja fell, vil ventilen bli stengd automatisk ved hjelp av ei stålfjør som pressar ein klaff på eit sete i ventilen.

En DHSV er "fail safe close", som betyr at han stenger dersom trykket i kontrollinja ved ein feil fell under eit minimumsnivå. Denne ventilen er primærbarrieren i ein produserande brønn.

Skrive av Sissel Paaske.
Sist oppdatert 12.09.2024