Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

GOC – gas-oil contact

GOC er ei forkorting for det engelske omgrepet "gas-oil contact". GOC viser til djupet der botnen av gassen møter toppen av olja inne i reservoaret.

I reservoaret er det både olje og gass. Sidan gassen er lettare enn olja, legg gassen seg i toppen av reservoaret. Det betyr at det oppstår eit skilje mellom olja og gassen. Kontaktpunktet mellom gassen og olja blir kalla for GOC og blir oppgitt som eit djupnemål i reservoaret.

Til dømes kan GOC vere på 3 194 meter vertikalt djup. Det betyr at over dette djupet i reservoaret er det mest gass, og under dette djupet er det mest olje.

Skrive av Sissel Paaske.
Sist oppdatert 06.12.2024