Forklaringsartikkel
Kokepunktstrykk
Kokepunktstrykk (bubble point pressure) er trykket ved ein gitt temperatur som gjer at væska (olja) slepper ut gass frå væskeforma. Gass kan frigjerast frå væske når trykket/temperaturen aukar (vatn til vassdamp), eller når trykket blir redusert, som ved uttak av olje frå reservoaret.
Gass i olje er vanleg ved opphavleg trykk i reservoaret. Når ein tappar olje ut av reservoaret, søkk trykket, og ved eit gitt trykk slepp gassen fri frå oljen og legg seg i toppen av reservoaret. Det er kokepunktstrykket.
Eit døme frå norsk sokkel: Kokepunktet for olja blei målt til 6 bar under reservoartrykket ved reservoartemperatur. Reservoartrykket var 408 bar. Olja sleppte ut gassen då trykket i reservoaret blei 402 bar.