Forklaringsartikkel
Kunstig diamant

Bilete: Ingvar Tjostheim / CC BY-NC 4.0
Kunstig diamant er ein industrielt framstilt diamant. Han blir laga av reint karbon i eit lukka kammer ved hjelp av høgt trykk og varme. Diamanten som blir skapt på denne måten, har den same hardleiken som den naturlege diamanten og fungerer derfor utmerkt som kutteverktøy.
Kunstig diamant blir mellom anna brukt i borekroner. Dei små bitane med kunstig diamant blir pressa saman og monterte på kutteflata i borekronen. Slike borekroner kan ein bruke til å bore tunnelar i fjell og brønnar på havbotnen.
Diamanten blir etter kvart sliten av kutteflata på grunn av friksjonen mot steinen. Då reparerer ein borekrona med å setje på nye kutteflater med kunstig diamant.