Forklaringsartikkel
Margin
Bilete: Sissel Paaske / CC BY-SA 4.0
Margin betyr avstand og blir brukt om avstanden til ei anna eining.
Sikkerheitsmarginen er avstanden frå den endelege grensa. Det betyr at vi held oss litt over eller litt under ein grenseverdi, slik at vi ikkje kjem for nær han ved eit uhell.
Vi bruker til dømes sikkerheitsmargin på borevæska i brønnen for å liggje under det trykket som er den øvre grensa før brønnen begynner å tape væske til formasjonen. Vi bruker òg sikkerheitsmargin for å halde det hydrostatiske trykket i brønnen over formasjonstrykket, slik at vi ikkje får kick inn i brønnen.
På denne måten ligg vi innanfor marginen med borevæska i brønnen.