Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Brønnhovudtrykk

Brønnhovudtrykk blir lese av på toppen av brønnen i overgangen frå brønnen til ventiltreet. Det er vanleg å bruke nemninga innestengt trykk i ein stengd brønn og strøymingstrykk i ein produserande brønn.

Brønnhovudtrykket blir påverka av hydrostatisk trykk frå reservoaret til brønnhovudet, og strøymingstrykk gjennom produksjonsrøyret i brønnen og strupeventilen på overflata. Ein stengd gassbrønn kan ha eit brønnhovudtrykk som er veldig nært reservoartrykket, men ein stengd oljebrønn vil ha betydeleg lågare brønnhovudtrykk på grunn av den hydrostatiske trykkforskjellen frå reservoaret til toppen av brønnen.

På engelsk heiter brønnhovudtrykk "wellhead pressure", og innestengt trykk heiter "shut in wellhead pressure".

Skrive av Sissel Paaske.
Sist oppdatert 12.11.2024