Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Hydrat

Hydrat er isdanning som oppstår når lette hydrokarbonsambindingar, til dømes metangass og vatn, kjem i eit miljø med høgt trykk og temperatur under 20–30 °C.

Hydrat opptrer som is-slush i oljeproduksjon og som is-linser i gassrøyr. Hydrata kan redusere produksjonen eller plugge han heilt. Ein hydratplugg er vanskeleg å løyse opp, og ein tilset derfor frostvæske i produksjonsløpet for å hindre hydratdanning.

På store havdjup er olje og gass frå reservoar med høgt trykk særleg utsett for nedkjøling på veg ut av brønnen. Det skaper stor fare for hydratdanning. I desse brønnane injiserer ein MEG i produksjonsrøyret.

Skrive av Sissel Paaske.
Sist oppdatert 01.10.2020