FIT
FIT blir uttalt "f i t" og er ei forkorting for det engelske uttrykket "formation integrity test". Det er namnet på ein avgrensa trykktest som ein utfører i brønnen der det er bora eit hòl ut i ein annan type bergart. Trykktesten skal teste om bergarten toler eit tilført trykk utan å begynne å leke. Målet er altså ikkje å trykkje opp til det begynner å leke, men å teste om bergarten toler eit gitt trykk.
Trykket ein bruker i testen, er litt høgare enn det trykket brønnen vil bli utsett for når han skal sementerast og ein skal bore vidare.
Dersom bergarten toler trykket, kan jobben med brønnen halde fram som planlagt. Dersom det begynner å leke, må hòlet sikrast med fôringsrøyr og sement før boringa kan halde fram.
Når ein borar ut eit nytt hòl under eit fôringsrøyr, tek ein ein ny FIT.