Forklaringsartikkel
LWI – lett brønnintervensjon
Skip som blir brukt til lett brønnintervensjon. Bilete: Sissel Paaske / CC BY-SA 4.0
LWI er forkorta frå det engelske omgrepet Light Well Intervention. Det er brønnservice som blir gjort frå eit mindre skip.
LWI blir oftast utført på havbotnbrønnar der det ikkje er ein fast installasjon tilgjengeleg. Ved hjelp av servicefartøyet kan ein kople seg på brønnen med BUP og stigerøyr – og gå inn i brønnen med kabel eller kveilerøyr. Når servicearbeidet er ferdig, blir BUP og stigerøyret trekt ut av brønnen, og skipet går vidare til neste brønn.
I somme tilfelle blir det ikkje brukt stigerøyr (riser) frå overflata til brønnen, då blir operasjonen kalla ein RLWI – Riserless Well Intervention.