Forklaringsartikkel
Traverskran

Traverskrana blir køyrd med kontrollpanelet. Bilete: Sissel Paaske / CC BY-SA 4.0
Ei traverskran er ei kran som blir brukt innanfor eit avgrensa område.
Krana er bygd opp av to parallelle kranbanar som anten ligg på bakken eller oppe langs veggene i ein hall. Mellom dei to kranbanane går det ein stålbjelke på hjul. Dersom kranbanen ligg på bakken, står stålbjelken på bein som går i banen.
Stålbjelken ligg på hjul i kranbanen og kan drivast att og fram innanfor rekkjevidda til banen.
Krana er festa i stålbjelken. Krana kan køyrast att og fram langs lengda på berebjelken. I tillegg kan kroken i krana førast opp og ned.
Traverskraner er brukte både i industrien på land og til handtering av last på installasjonar offshore.