Forklaringsartikkel
Gelstyrke

Bilete: Sissel Paaske / CC BY-SA 4.0
Gelstyrke er den evna ei væske har til å stivne når ho står i ro.
Borevæske blir tilsett kjemikaliar som skal bidra til at partiklar blir hengande i væska sjølv om sirkulasjonen stoppar. Dette gjer at partiklar frå boringa ikkje fell til botnen av brønnen mens vi stoppar for å setje inn nye borerøyr i borestrengen på overflata.
Vi ønskjer denne kvaliteten i borevæska fordi han forhindrar at borestrengen blir ståande fast i partiklar som landar rundt borekrona eller borestrengen der kor brønnen går frå vertikal til høg vinkel.
Gelstyrken må vere akkurat høg nok til å halde partiklane på plass i væska, men ikkje så høg at det blir vanskeleg å starte sirkulasjonen av væska att etter sirkulasjonsstoppen.