Transponder
"Transponder" er eit engelsk ord som er sett saman av "transmitter", som betyr "sender", og "respond", som betyr "svare". Transponderen er ein trådlaus kommunikasjonsboks som får eit signal og sender ut eit svarsignal. Han kan brukast til å måle avstanden til ROV, skip og flytande riggar i forhold til eit fast punkt, til dømes ein brønn.
Transponderar som er plasserte på havbotnen, får eit lydsignal frå ein sendar om bord og sender eit svarsignal tilbake. Svaret blir gjort om frå lyd til avstandsmåling, og signala blir gjentekne så ofte at datamaskinen om bord kan observere rørsler veldig tidleg.
Målingane blir sende vidare til eit dynamisk posisjonssystem. Systemet svarer med å justere posisjonen og rotasjonsfarten på thrusterane. Signala blir sende heile tida, slik at riggen ligg stabilt over brønnen.