Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Setback

Setback er eit engelsk ord som blir brukt i norsk fagspråk. Det betyr eit område som er reservert for plassering av ståande borerøyr som er skrudde saman til stands. I eit konvensjonelt boretårn er setback plassert på sida eller i hjørnet av boredekket. På ein RamRig er setback plassert utanfor boredekket på eit lågare nivå.

Setback har tregolv eller gummimatter for å beskytte enden av røyra og for å hindre gneistedanning når røyra blir sette ned på golvet. Røyra står på rekkjer, slik at fleire tusen meter med røyr kan lagrast ståande.

Øvst er røyra stabla mellom stålbjelkar i ei rektangel- eller stjerneforma ramme. Kvar røyrlengd blir halden på plass av ein vippeklaff som blir fjernstyrt frå styringspanelet. Plasseringa og sikringa gjer at borerøyra ikkje glir ut.

Skrive av Sissel Paaske.
Sist oppdatert 28.09.2020