Heisespel
Eit heisespel blir brukt til å senke og løfte utstyr som skal inn eller ut av brønnen. Det er montert i boretårnet og består av ein motor med gir og brems, ein kabeltrommel for stålkabelen som beveger løftet, og to trinser som kabelen er trekt fleire rundar mellom for å fordele vekta.
Trinsene er festa i øvre del av boretårnet og heng vertikalt over brønnholet. Den øvre er fastmontert og heiter kronblokk, den nedre blir bevegd opp og ned og heiter løpeblokk.
Frå trommelen ved motoren går det ein tjukk stålkabel som er trekt fleire gonger gjennom trinsene. Enden av kabelen er festa i ei ankringsblokk i golvet på den andre sida av holet.
Motoren som roterer trommelen, blir køyrd frå kontrollpanelet til boraren. Trommelen har hjelpebrems og naudbrems. Giret blir brukt til å skifte retning på trommelen.