Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Brønnservice

Brønnservice er eit fellesord som blir brukt om aktivitetar i ein brønn etter at han er ferdig bora.

Typiske brønnserviceaktivitetar er

  • vedlikehald og utbytting av utstyr i brønnen

  • vask og fiks i produksjonsrøyret i brønnen

  • syrevasking eller utbetring av reservoarområdet i brønnen

Testing av produksjonsevna til brønnen og komplettering og re-komplettering av brønnar blir også i somme tilfelle omtalt som brønnservice.

Brønnservice-oppdrag kan utførast med borestreng, kabel og kveilerøyr, og dei blir utført frå boreskip, riggar, faste installasjonar og serviceskip.

Skrive av Sissel paaske.
Sist oppdatert 27.07.2021