Forklaringsartikkel
Handover

Bilete: Science Photo Library / CC BY-NC 4.0
Ordet "handover" er engelsk og betyr overlevering. På norsk blir ordet ofte brukt for å beskrive overlevering av jobbinformasjon mellom to skift.
Når ein jobb skal gjennomførast over fleire skift, er det nødvendig å overlevere status frå det eine skiftet til det neste. Når neste skift kjem på jobb, blir det halde eit handovermøte.
Handover består av samtale om og dokumentasjon av det som er utført og kva som står att av arbeid. Særleg viktig er informasjon som handlar om sikkerheit i samband med arbeidet.
Det skal være ei tydeleg og lett forståeleg overlevering til dei som skal på jobb.