Mudshaker

Ein mudshaker blir òg kalla shale shaker og blir forkorta til shaker. Orda er engelske og er i dagleg bruk.
Borevæske som kjem frå brønnen, har med seg borkaks, det vil seie bitar frå holet. Borkaks må siktast ut og fjernast før vi sirkulerer slammet ned i brønnen igjen. Dette skjer på shakeren.
Shakeren er ei siktemaskin som ristar slammet over fleire filter slik at slammet fell gjennom og bitane blir førte ut og bort frå væska. Filtera har opningar i ulik storleik, slik at dei største bitane blir fjerna først, og deretter dei mindre bitane.
Det er alltid meir enn éin shaker som går når vi sirkulerer borevæske under boring. Ein må følgje med på shakeren slik at han ikkje blir tilstoppa i filtera eller filtera blir øydelagde. Ein slik stopp i filtreringa er svært dyr fordi boringa må stoppast mens ein fiksar det.