Forklaringsartikkel
Geologiske lag

Geologiske lag, eller laginndeling, er eit resultat av avsetting av ulike sediment på havbotnen. Sediment som kjem frå forvitra fjell, blir frakta med elver og legg seg som sandkorn, silt og leire på havbotnen. Algar og dyr som lever i havet, døyr og fell til botnen oppå andre lag.
Over millionar av år blir havbotnen dekt med lag på lag med avsettingar. Desse blir omdanna til ulike sedimentære bergartar som ligg lagvis. På grunn av rørsler i jordskorpa ligg ikkje laga horisontalt, men skrått eller i bølger.
Sedimentære bergartar er veldig forskjellige i tettleik og eigenskapar. Derfor er det lett å påvise laginndeling ved hjelp av seismiske undersøkingar.