Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Primærbarriere

Primær betyr først. Barriere betyr hindring.

Primærbarrieren i ein brønn er den hindringa som ligg nærast kjelda (reservoaret). Det er den som skal vere første hindring mot ukontrollert strøyming ut frå brønnen.

I samband med boring er primærbarrieren borevæska som står i brønnen.

Når brønnen produserer, er det kompletteringa med sikringsventilen (DHSV) i brønnen som er primærbarrieren.

Skrive av Sissel Paaske.
Sist oppdatert 18.03.2025